Velkommen til min studieblogg!!

Velkommen til min studieblogg!!

torsdag 20. januar 2011

3.arbeidskrav

No har eg levert 3.arbeidskrav! Yippi!
Elles om arbeidsprosessen: Først og fremst: Dette var ei forferdeleg oppgåve! Eg og Maria sat ein heil kveld og las oppgåva og prøvde å finne ut kva vi skulle gjere. Oppgåva var veldig dårleg formulert og den hadde skrivefeil (fy!) Det var vanskeleg å skjøne korleis denne skulle leverast også. Det burde stått øverst at vi skulle skrive i eit Google dokument. Eg skreiv i Word, men hadde problem med å overføre til Google-dokument. Eg fekk f.eks ikkje lagt inn sidetal. Det er ikkje kjekt å skrive ei oppgåve som ein føler det blir for mykje "kluss" med å få levert.
Eg har laga eit undervisningsopplegg som eg sikkert kan bruke ein gong. Eg var inne på d&b og la inn lenkje til opplegget og og spurte etter kommentarar, men fekk lite respons. Eg trur eg kanskje kan nytte meg d&b seinare. Det ser ut til å vere ei bra side. Konklusjonen min i oppgåva vart at om lærarane er litt bevisste og elevane får litt opplæring, kan dei lære ein god del ved å bruke webtenester/sosiale media.
Heldigvis ferdig til helga. No skal eg til Valdres på ski og ikkje tenkje på sosiale media!
God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar