Velkommen til min studieblogg!!

Velkommen til min studieblogg!!

søndag 14. november 2010

Refleksjon over arbeidet med 2. arbeidskrav

Vi starta prosessen med å bli einige om kva etikettar/ tags” vi skulle bruke i Diigoen, samt å diskutere litt korleis vi skulle gjennomføre sjølve skrivinga av artiklar. Vi vart samde om at vi ville starte med å samle stoff til oppgåva og dele med kvarandre. Alf skulle ha hovudansvar for å skrive om Statistikk, Maria om Sosiale Medier og eg om PC i skulen. Alle skulle sjølvsagt skrive litt på alle artiklane. Vi brukte diskusjonsverktøy slik det stod i oppgåva at vi skulle gjere, men av i ettertid har vi ikkje funne igjen denne diskusjonen. Etter mi meining var Wikien eit tungvint diskusjonsverktøy.

Sjølve innsamlinga av stoff, skrivinga av artiklar med innsetjing av div. lenkjer, bilete etc. gjekk greitt, men eg opplevde at det tek veldig lang tid å leite etter gode kjelder på nettet. Kvalitetssikring, kjeldekritikk og kjeldetilvisningar er arbeidskrevjande. Det er ikkje berre å ”hente stoff frå nettet” og kopiere inn i ein artikkel.

 Samskrivinga i Wikispace gjekk no på eit vis, men det er ikkje enkelt å samordne og bli einige om tidsfristar osb. når ein skal skrive ei slik oppgåve saman. Eg opplevde at det gjekk litt tungt til tider, men vi gav no ikkje opp. Eg er usikker på om det er eit verktøy som kan brukast i ein klasse, men med god opplæring og gode oppgåver, kunne det vore interessant å prøve.

Etter å ha lese og skrive om ungdom og mediebruk har eg fått litt meir forståing for det som Heidi Grande Røys skriv om i ”Delte Meninger”. Ho peikar på det faktum at vi ikkje kan kome bort frå at dagens unge er ”aktive mediebrukere, de er både konsumenter og produsenter av digitalt innhold på en rekke områder”. Ho skriv vidare at: ”skolen og lærerne må bli bedre på å integrere digitale verktøy i undervisningen i de ulike fagene, i dialog med fagene selv”, og at det barna treng er: ” [..] utvidet basiskunnskap om bruk av digitale medier og Internett, både i forhold til sikkerhet, etikk og ikke minst når det gjelder kildebevissthet.” (H.G. Røys 2009). Mange av dei artiklane og innlegga vi fann då vi leita etter stoff til det vi skulle skrive om, understreka nettopp dette. Vi kjem ikkje utanom at ungdom brukar mykje media og vi kjem ikkje utanom at skulen må bli flinkare på dette området! Vi har i alle fall meldt oss på kurs!! J

Klikk her er for å sjå lenkje til Diigo for gruppa vår
Klikk her for å lese artikkel om ungdom og medievaner på Wikispace for gruppa vår

torsdag 7. oktober 2010

Refleksjon over læringsprosessen

For det første synest eg det var OK på 1.samlinga på Nordfjordeid. Det er kjekt å vere student og berre gjere det ein får beskjed om. Det gjekk av og til litt fort i svingane, men det gjekk greitt fordi Maria sat ved sidan av megJ
Det viktigaste eg har lært av kurset så langt, er nok det eg har lært om Google docs som arbeidsreiskap når elevane skal gjere eit arbeid saman. Eg vore bort i bruk av Fronterdokument der elevane skulle skrive saman, men det fungerte ikkje særleg bra. Mitt inntrykk er at Google docs er litt betre, men at det også har sine manglar. Det gjekk litt seint når ein var fleire inne samstundes, og det var ikkje råd å lime inn videoar direkte frå YouTube slik det skulle gå an. Det er positivt at dokumenta i Google docs er på nettet, og elevane dermed kan arbeide med dokumenta både på skulen og heime.
Elles lærte eg ikkje så mykje nytt om klipping, liming og om å lage presentasjonar etc. Dette var stort sett ting eg kunne frå før. Etter mi meining er ikkje presentasjonsverktøyet i Google docs heilt på topp, men det er likevel greitt nok å bruke i ein klasse på skulen når elevane skal lage eit fellesdokument.
Gruppearbeidet gjekk heilt fint. Det er litt kjekt å jobbe med noko som ein skal levere saman, men det tek litt tid. Eg er ikkje heilt fornøgd med alle bileta/illustrasjonane vi sette inn i presentasjonen vår. Dette kunne vi sikkert jobba meir med. Det å jobbe med eit fellesdokument var og ei ny erfaring. Kjekt å prøve noko nyttJ
Når det gjeld del 2 av Arbeidskravet, som var å lage bloggar, synest eg ikkje eg lærte så mykje ut av denne arbeidsmåten. Det tekniske med å leggje til linkar og liknande er noko eg har brukt før, og det å skrive blogg eller lese andre sine bloggar gjev meg lite.

Arbeidet med oppgåve A

A) Kort skildring av arbeidet med oppgåva
Gruppa vår er samansett av tre engelsklærarar. Vi møttes ei stund etter at vi hadde hatt samling på Nordfjordeid, og vart her einige om korleis vi skulle løyse 1.arbeidskrav.
Det som vart litt viktig for oss, var at vi kunne lage eit opplegg som vi verkeleg kunne bruke, og ikkje berre eit “svar på oppgåva” for å få godkjent arbeidskravet. Vi bestemte oss for å lage eit opplegg som kunne nyttast i engelskundervisninga på Vg1 Studiespesialiserande. Utgangspunktet vart læreplanmålet om at elevane skal kunne “drøfte sosiale og kulturelle forhold, samfunnsforhold og verdiar i fleire engelskspråklege land”. Vidare tenkte vi at elevane i grupper på 3-4 skulle ta føre seg ulike land og arbeide i Google dokumenter med å setje saman ein presentasjon for resten av klassen.
Etter at gruppa vår hadde blitt einige om rammene, kunne vi gå kvar til oss og “leike elevar”. Vi valde kvart vårt engelskspråklege land og arbeidde på eit felles dokument med å laga ein felles presentasjon. Samstundes med at vi laga “vår del” kunne vi diskutere litt omkring sjølve løysingane t.d. felles malar, korleis presentasjonen skulle sjå ut til slutt og ei avslutning.
Arbeidet med å lage sjølve presentasjonen og samarbeidet i gruppa gjekk stort sett greitt, men når alle på gruppa jobba samstundes, gjekk det litt seint å jobbe i Google doc. Vi fekk heller ikkje til å leggje inn videoar med Sett Inn-funksjonen. Dette var sjølvsagt noko som skapte litt frustrasjon. Vi var vel også einige om at presentasjonsverktøyet i Google doc. ikkje var fullt så bra som t.d.Power-Point.
Her er undervisningsopplegget vårt: